Jump to content
Barbershop.no forum
ginger

Eg fann, eg fann! Knivane til bestefar og oldefar?

Recommended Posts

Hei godtfolk,

Eg er heilt ny her, og eg har ei liti historie som kanskje kan interessere nokon av dykk.

Det har seg slik at foreldri mine fann att nokre gamle barberknivar då dei rydda utor gamlehuset for ei stund sidan. Det var fire knivar, far min fekk to, og eg dei to andre. Dei var sjølvsagt ikkje brukte på fleire tiår, og bar preg av å ha lege i ein sigarboks i lang, lang tid - med andre ord: flekkute og rusta.

Eg vart nyfiken, og har sidan byrja lesa meg opp på barbering med kniv. Det seier seg sjølv at knivane eg fekk, ikkje akkurat er skarpe, so eg har ikkje vore so dum at eg har prøvd å raka meg med dei enno. Men eg har fått bort ein del rust og flekker med - hald dykk fast - stålull. Ja då, eg passa godt på å ikkje vera borti eggen. Bilete av knivane skal de få her. Fyrst den kniven eg veit har vore oldefar sin:

post-343-1241725874_thumb.jpg

Som de ser, har han innskrifti "Ächt Englischer Silberstahl", sjølv om siste delen av siste ordet har forsvunne under ein slags merkeleg påsmidd klump nær hælen av bladet. Eg lurer ein del på kva denne "klumpen" kan vera godt for? Det står òg "3 Jahre Garantie", sjølv om eg fryktar garantien har gått ut no. :lol: Produsent er i alle fall F. W. Backhaus, Ohligs i Solingen. Eg veit at Backhaus produserte knivar av ulike slag i tidi rundt fyrste verdskrigen.

Her er andre sida av kniven:

post-343-1241725843_thumb.jpg

Som de ser, går "klumpen" rundt på båe sider av bladet. Kva kan dette vera? Sjølve kniven er den einaste av dei to som kjennest nesten kvass ut. Eg greier å laga eit lite merke i tommelen med berre litt trykk. Men, mellom anna grunna klumpen, er ikkje kniven heilt jamn. Legg merke til storken på fabrikkmerket.

So til den andre kniven. Denne ser ut til å vera eldre, og har anna form på tåi:

post-343-1241725937_thumb.jpg

Eg greier ikkje heilt å tyde innskrifti, men trur det står "Fangs bite razor" i midten. Det står i alle fall "Hollow ground" rundt. Årstalet inni fabrikkmerket, ei pil inni ein trekant, er 1857. Denne er ikkje noko kvass i det heile, og har små hakk nær hælen. Her er baksida:

post-343-1241725963_thumb.jpg

Det får vera alt for denne gongen. Om nokon kan seia meg noko som helst om desse knivane, blir eg glad. Det er eit artig stykke soge or litt eldre tid, synest eg.

Og sjølvsagt: Eg hadde tenkt å få desse i brukbar stand ein gong, og eg vonar de tilgjev at eg helst vil gjera det sjølv, og gjerne utan å bruke ein haug pengar. Eg er ein slik fyr som gjerne vil lære seg nye praktiske kunnskapar, sjølv om det tyder at eg må masa hol i hovudet på snille forum-medlemmer... :rolleyes: Det vore fint å kunna bruke gamlekniven til oldefar!

Beste helsing Ginger

Share this post


Link to post
Share on other sites

Hei Ginger, og velkommen til oss :)

Det var en interessant historie du hadde om disse knivene. Det ser imidlertid ut til at du har litt jobb foran deg, for å gjøre dem klare til bruk.

Om du til tross for skikkelig pågangsmot, skulle gi opp disse knivene, finnes det garantert alternativer å få tak i ;) . Støter du på problemer underveis, er det sikkert noen her på forumet som kan gi deg gode råd og vink.

Ønsker deg bare lykke til med knivene, og får håpe at du på et eller annet vis forsøker en tradisjonell barbering etter hvert :D . Du vil garantert ikke angre.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Hei og velkommen i klubben Ginger :)

Å få tak i slike gamle kniver og attpåtil noe som har vært brukt av din Oldefar er noe av en skatt :)

Som Sandman sier ser det ut til at du har litt jobb foran deg med å restaurere de. Men jeg ønsker deg lykke til og håper du får de i orden :)

Share this post


Link to post
Share on other sites

Ja, eg har skjønt at eg nok må bortpå med eit bryne her... Og eg lovar å vera forsiktig, eg har ikkje tenkt å øydeleggje knivane. Då får dei heller vera pyntegjenstandar. Målet er uansett å få minst ein i sopass kvass stand at han kan brukast til å raka seg med. Eventuelt får eg berre kjøpe meg ein kniv til... :P

Eg får byrje med det kosmetiske, trur eg: Er det nokon som har eit tips til å få bort resten av flekkane på bladet? Noko kjemisk, kanskje? Og eg lurer framleis på kva på kloden den klumpen på Backhaus-kniven er der for.

Takk for venlege svar so langt!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ja, eg har skjønt at eg nok må bortpå med eit bryne her... Og eg lovar å vera forsiktig, eg har ikkje tenkt å øydeleggje knivane. Då får dei heller vera pyntegjenstandar. Målet er uansett å få minst ein i sopass kvass stand at han kan brukast til å raka seg med. Eventuelt får eg berre kjøpe meg ein kniv til... :P

Eg får byrje med det kosmetiske, trur eg: Er det nokon som har eit tips til å få bort resten av flekkane på bladet? Noko kjemisk, kanskje? Og eg lurer framleis på kva på kloden den klumpen på Backhaus-kniven er der for.

Takk for venlege svar so langt!

Ginger,

Jeg har sett andre meget gamle kniver som har denne klumpen. Jeg er ikke helt sikker på hva denne klumpen er til, men jeg tror den har å gjøre med tommelfingerfeste. Da jeg prøvde å holde min kniv og samtidig "visualisere" en slik klump der hvor tommelen kom på kniven, behøver det ikke være en dum tanke. Jeg husker godt når vi barberte i barbersalongen at at der hvor tommelen var på kniven, at det av og til kunne bli litt glatt, men det ble aldri noen problemer ed dette. Men vi skal ikke se vekk fra at kniven kan bli stødigere i våre hender. Hvem vet?

Tyfonikus

Share this post


Link to post
Share on other sites
jeg tror den har å gjøre med tommelfingerfeste. Da jeg prøvde å holde min kniv og samtidig "visualisere" en slik klump der hvor tommelen kom på kniven, behøver det ikke være en dum tanke.

Nei, det var ingen dum tanke. Eg greier i alle fall ikkje å koma på nokon betre :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Eg får byrje med det kosmetiske, trur eg: Er det nokon som har eit tips til å få bort resten av flekkane på bladet? Noko kjemisk, kanskje?

Eg anbefaler "MAAS All Metal Polish". Dersom du gjer eit søk på E-bay finn du det der. Det er bra men ikkje nokon mirakel-kur så du har nokre timar med skrubbing framom deg. Woodcraft (.com) selg fint sandpapir 1000 "grains" og opp dersom du må ty til det.

Eg brukte MAAS på min W&B og den vart ok. (Bilde under dagens barbering). Lukke til. Der har du mykje gjevande arbeid.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Moro med en slik gave :) Om du vurderer å restaurere knivene, kan jeg på det sterkeste anbefale deg å kontakte Max ved Madaspen i Las Vegas (www.madaspenhome.com). Han bytter også ut skafet, om du ønsker dette, i valgfritt materiale.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Moro med en slik gave :) Om du vurderer å restaurere knivene, kan jeg på det sterkeste anbefale deg å kontakte Max ved Madaspen i Las Vegas (www.madaspenhome.com). Han bytter også ut skafet, om du ønsker dette, i valgfritt materiale.

Takk for tipset. Eg ser at dei tilbyr nokolunde det same på The invisible edge, http://www.razorsharpening.co.uk, og at knivmaker.net har figurert på dette forumet når det gjeld restaurering. Hjå Invisible edge var det ikkje so himla dyrt heller. Men eg har framleis mest lyst til å prøve sjølv, so takk for tipset til metallmiddel - det var ein retteleg snasen kniv du hadde fått deg der, Otto! ;)

Share this post


Link to post
Share on other sites

Jeg for min del synes det er ganske innlysende at bladet på den første kniven har vært brukket tvert av. Klumpen dere snakker om er en slags brakett som skal forsterke den sveisede/smidde skjøten. Man ser jo tydelig bruddet under braketten ned mot eggen. Ser jo også tydelig at den slipte eggen ikke stemmer overens på hver side av bruddet. Uansett, moro å se hvordan man på en helt annen måte tok vare på ting før i tiden.

Nightbreed.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Hm. Interessant tanke. Dette hadde eg ikkje vurdert, men det ser ut som du har rett.

Eg er elles i gang med å restaurere knivane så godt eg kan. Eg har tinga ein belgisk gulstein, sokalla coticule, og har frå før skaffa meg ein kinesisk poleringsstein, samt ei tysk(?) lerreim og lerreimsmøring. Eg har òg brukt litt tid på å pusse av flekkar og rust.

Hovudpoenget med det eg har kjøpt inn av utstyr so langt, har vore å gjera om lag det same som eg trur oldefar min ville gjort. Han ville nok brukt det han hadde, og elles ikkje lagt ut for mykje pengar på spesialreiskap. Difor har eg brukt ein minislipar frå Biltema til å pusse av rust (ja, eg har lege unna eggen), og elles tinga det andre nemnde utstyret - enkle greier.

Eg fekk elles med meg ei historie til då eg fekk knivane:

Gamle Ingebjørg på grannegarden heime hjå oss kunne kunsten å skjemte. Dette brukte ho til fulle ein gong ein annan granne var oppom i garden ein tur. Ho visste at denne grannen hadde ein barberkniv han var livende redd for, og ho sa difor, berre på gap:

"Eg lånte barberkniven din, du Per. Han var grepa god å spikke flis med!"

Ho fekk seg ein god flir då ho såg kor grannen bleikna... :lol:

Eg kjem att med meir info når eg har byrja å bryne.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest
You are commenting as a guest. If you have an account, please sign in.
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoticons maximum are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...

×