Jump to content
Barbershop.no forum

amb

Member
  • Content count

    38
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by amb

  1. Eg har laga denne sida som skuleprosjekt (studerer sivilingeniør "Kjemi og bioteknologi" ved Universitetet for miljø- og biovitenskap) i informatikken, og er litt nøgd med den Sjekk den ut. Som sagt, det er berre ei lita innføring i konseptet, med ein liten humoristisk vri. Forelesaren e berre interessert i html-kodinga, så det eg skriv om er ikkje så viktig. haha.. Jaudå edit: her er linken, haha student.umb.no/~abrakest
  2. Heisann. Eg berre undrast over kva for etterbarberingsvatn som førast her på Barbershop.no som er duftfrie. Altså som luktar lite/ingenting. Ein idé hadde kanskje vore ei moglegheit for å kunna sortera desse produkta etter om dei er parfymerte eller ikkje. Mange er opptekne av nettopp dette, og det kjem ikkje så godt fram av produktskildringa. -Anders
  3. Eg får feilmelding dersom eg trykkar på "les meir". Kor mange månadar? -Anders edit: fann ingen god stad å posta dette. Kva med et subforum for tilbakemeldingar / spørsmål til butikken?
  4. Restaurering av barberkost

    Eg er no vel eitt år inn i denne flotte hobbyen, og får meir og meir lyst til å restaurera ein barberkost sjølv. Eg veit egentlig ikkje kva utstyr ein treng, og lurer litt på kva det norske ordet til "epoxy" er Er det nokon som kunne tenkt seg å gje ei kort innføring for meg? Eg hadde sett veldig pris på det. Den dagen er faktisk kjem så langt, skal eg leggja ut bilete av prosessen! Helsing Anders
  5. Åja.. Det er ein Goodwill. Her er tråden som identifiserte den for meg. Ås er kjempeflott! Garantert det vakraste universitetet i Noreg, både bygningsmessig og beliggenheitsmessig!
  6. Hvilke type koster trenger jeg?

    Eg vil nok tru at ei hard såpe var vanskelegare å skumma opp med den kosten der, ja;) Personleg føretrekk eg svinebustar framfor min silvertip, då eg skummar opp i andletet.
  7. "Tryggleikshøvel", ja, hehe:) Skal det vera nynorsk, så skal det vera nynorsk Eg søkte på "superspeed", så eg antar at det er ein superspeed:) Elles lurer eg på om eg kanskje burde referert til URL-en på kvart bilete eg ikkje tok sjølv. Er ein del bilete frå internett, her. Diverre er det berre snakk om "godkjent/ikkje godkjent". Forelesaren hadde nok berre satt karakter på html-kodinga, og den er ikkje veldig avansert:P
  8. Eg har ein barberkost med handtak i bøffelhorn. Makaren (Rudy Vey: Badger and Blade), sa at eg burde bruka Neatsfoot olje. Dette er noko eg aldri har høyrd om, og lurer på om det er nokrs butikkar i Noreg som sel det, så slipp eg kanskje fraktkostnadar. Sidan eg ikkje har neatsfoot olje, brukte eg i dag oliven olje. Handtaket såg svært blankt og bra ut i etterkant, og eg håpar dette ikkje har noko negativ effekt på hornet. Kor lenge lar eg det vera på handtaket før eg vaskar av igjen? Helsing Anders
  9. Far min var på tur til Bergen, og skulle, etter forespurnad frå meg, sjå etter den gamle høvelen hans. Den fann han ikkje, men kom heim att med to gamle barberknivar. Eg trur bileta er gode, sjå kommentarar til kvar bilete for å skilja knivane. Desse knivane er kanskje frå 50-60-talet. Det var vanleg å ta godt vare på saker og ting før i tida, og farfar var ein ryddig og oppegåande mann. Kanskje eit samleobjekt? Kanskje til og med verdt noko (anna enn affeksjonsverd. Berre interessert i verdien, skal ikkje selja desse her arvegodsa, nei!). Når eg held knivane i handa, så er klas tornblom-kniven ein del tyngre enn bismack-kniven. Eggen ser nyare ut, ellr mindre brukt, eller blankare. BISMACK-KNIVEN - Det står BISMACK REGISTERED på den. Den deler den lillefingeren skal vera, veit ikkje kva den heitter. Det står "Registered" Riller der ein held kniven. Er dette vanleg? Som de ser, er det eit hakk i eggen. Korleis fikar ein dette? Eg antar det er mange små hakk som ein ikkje ser på bileta KLAS TORNBLOM-KNIVEN Det står: "Klas Tornblom Eskilstuna Sweden" Riller her også. Det står: "Ekstra kvalitet Solingen" Eg håpar nokon med litt kunnskap kunne sagt litt om knivane. Dei kjennest ikkje dyre ut, heller billege. Dei er ganske gamle, men eg veit ikkje kort gamle. Kanskje dei er verd noko? Klas Tornblom-kniven kjennest ut som ein kniv med høgare kvalitet enn Bismack-kniven. Kanskje eit trent auga kan sjå bredden på eggen? Helsing Compaq
  10. Artig lesestoff, dette her. Eg kunne godt tenkt meg å restaurera ein barberkniv ein gong. No starter eg studieperioden min til hausten, så det vert nok ei stund til. Eg har ein draum om å ha ein bod med eit utal verktøy; dremel, sager osb. Å restaurera knivar, kostar og liknande er noko som verkeleg appelerer til meg. Eg kjøpte meg ein gamal Gillette Goodwill (trur eg) som eg polerte og fjerna rust på. Autosol metal polish fungerte strålande! (o hildrande du for eit ordspel). Eg testa det på ein barberkniv, men autosolen tok ikkje vekk pitting, eller andre flekkar. Eg satt jo bare med ein klut då, hadde ikkje dremel. edit: var ikkje klar over at det var fleire sider her. Eg ligg litt etter. Det var meint i høve polering av kniv og bruk av dremel osb.
  11. Armani Code

    Kjøpte denne på tax-free-en for eit par dagar sidan, og denne er særs god, synest eg. Litt djup og kveldsaktig, samleis som den passar for dagen. Eit godt kjøp, trur eg, og den tar seg godt ut i "den"-et mitt:)
  12. Vedlikehald av hornhandtak på barberkost

    Ja, såg den sida. Tenkte som så at kanskje clas ohlson eller liknande bytikkar sel denne olja, men har ikkje peiling. Det det er einaste moglegheit, får eg kanskje berre gjera det. Kan no sei at olivenolja verkeleg gjorde susen. Handtaket såg litt matt ut i går før behandling, men no ser det verkeleg vakkert ut. Har ikkje kamera, så får ikkje tatt bilete. Den skin, altså! Eg lot den stå over natta, så tørka eg av "the excess" når eg stod opp. Eit vakkert syn! Det gav den nytt liv.
  13. Restaurering av kniv, Dixie Blue Steel

    Åhh, eg gleder meg til eg får restaurert min fyrste barberkniv til brukeleg tilstand! Det såg ut som du gjorde eit særs godt arbeid. Du får satsa fulltid på dette
  14. Barberkniver

    Skal sei, eg vart litt overbevist om at "bayen" kanskje er staden for min fyrste barberkniv (unntaken arvgodsa). Eg har hatt mareritt om nye barberknivar til 2000,-, då eg skal byrja å studera til hausten:O Eg skal sjekka litt der, og sjå kva knivar fell for. Kva bør eg sjå etter på kniven? Ei lita sjekklite hadde vore hjelpsamt: - bølgjete egg - rust osb - dårleg / øydelagd handtak - hakk i eggen Noko meir eg bør ha med, evt noko som ikkje treng vera der? Compaq
  15. Barberkniver

    Skal sei, eg vart litt overbevist om at "bayen" kanskje er staden for min fyrste barberkniv (unntaken arvgodsa). Eg har hatt mareritt om nye barberknivar til 2000,-, då eg skal byrja å studera til hausten:O Eg skal sjekka litt der, og sjå kva knivar fell for. Kva bør eg sjå etter på kniven? Ei lita sjekklite hadde vore hjelpsamt: - bølgjete egg - rust osb - dårleg / øydelagd handtak - hakk i eggen Noko meir eg bør ha med, evt noko som ikkje treng vera der? Compaq
  16. Valg av dimmensjon på blad

    Eg har så lite erfaring med barberkniv som det er mogleg, men eg skal likevel våga meg med eit utsagn. Eg har sett på videoar på youtube, samt lese på utanlandske forum, og har forstått det slik at kor ofte ein må rensa kniven er ein direkte konsekvens av breidda på eggen. Brei egg --> held meir skum --> kan venta lengre før rensing. Dette synest eg verkar som ein konsekvens av mindre betyding, men som sagt: Eg har ingen erfaring når det kjem til bruken av barberknivar. Men det er vel ein ting å ha i tankane, likevel?
  17. Dersom du ser på nasa, ser det ut som om den er kurva. Åh, eg har lyst på min fyrste barberkniv, men har ikkje pengar til å kjøpa:( Må spara til studieperioden til hausten:S Og desse knivane er jo lokale, bokstaveleg talt (eg bur ein times tid frå fitjar!)...
  18. Det såg ut som om kva modell som kom stod på sida. Bileta skulle koma snart.
  19. Eg trur eg kjem til å følgja dette rådet. Det var verdt eit forsøk likevel. Dei vil nok ta seg godt ut berre eg får vaska og polert dei. Kva slags poleringsmiddel skal eg bruka? Metallpoleringsmiddel, opplagt, men har nokon eit merke eller noko slikt? Compaq
  20. Nice! Eg kunne nesten tenkt meg ein barberkniv, ein anna enn arvegodet. Må nok spara litt pengar, antar ein del av desse knivane ligg mellom 1500,- til 2000,-. Kanskje meir, til og med. Og eg må ha stropp og bryne i tillegg:S Og eg som skal studera til hausten. Må nok leva på havregraut for å spara:P Gleder meg til å sjå bileta. Såpekokaren bur vel 30 km frå meg i luftlinje, så det vert jo nesten lokalknivar!
  21. Sjå der, du. Kniven frå lenkja ser veldig ut som farfar sin gamle kniv. Så kniven min (verkar rart å kalla den min kniv:P) er altså frå før 1957? Ganske gamal, altså. Stiligt! Takk for lenkja!
  22. Ja, det var ein skrivefeil det med namnet, hehe. Det står ganske tydeleg "Bismarck" på biletet. Eg trudde at merke var Bismarck, men det er altså ein Dovo modell? Det hadde jo vore kjekt å få restaurert ein kniv (spørs om eg har råd til å ta begge i same slengen). Hadde ein av desse blitt brukbare igjen, hadde det jo vore kjempekjekt. Slike funn er litt viktige, spesielt med tanke på min nyte interesse innanfor tradisjonell barbering. Skal sjekka ut han MAX fyren. Dersom eg skal få ein av dei restaurert, skal eg seia i frå. Litt usikker på kva planar me har i påskeferien. Skal kanskje på hytta på Voss. Elles hadde eit lite møte vore særs interessant og kjekt. Eg har ikkje snakka med nokon andre som driv med dette i person før. Eg skal for øvreg halda utkikk etter ei stropp og bryner neste gang eg er hos farmor. Eg trur eg har sett slike bryner før, men dei er kanskje til vanlege knivar. Korleis ser eg forkjsell på bryner for barberknivar og for vanlege knivar / økser o.l.? Takkar for svar Compaq
  23. Hjelpt til valg av ny kniv

    Eg skal sjekka Dagens Næringsliv. Det hadde vore kjekt å lesa reportasjen. Eg var ikkje klar over at det fantes slike konservative barbersalongar i Noreg. Ein liten avstikkar: Eg er einig i at språka burde haldast i deira konservative form. Nynorsk er særs ulikt Aasen-normalen, og bokmål er heilt ulikt riksmål. Eg har meir respekt for riksmål enn bokmål, faktisk, sjølv om ein kanskje kan argumentera for at bokmål er "norskare". I den nye nynorskreformen som det vert jobba på i dag, skal dei mest sannsynleg fjerna klammeformene, som blant anna inneheld i-ending i hokjønn eintal bestemt form (ei sol, soli). Litt synd, meiner eg. Men men, dei får styra på, Språkrådet. Eg har sikkeleg sansen for riksmål, eigentleg. Språket opnar for fine og vakre formuleringar. "Nu", "sne" og "efter" er ord som eg har sansen for. På skulestilar skriv eg anten konservativ nynorsk, eller konservativ bokmål (riksmål er jo ikkje "lov"). Dei liberale formene er nesten heilt like på kvarandre. Ein konsekvens av samnorskrørsla opp mot 50-talet.
  24. Ynskjer ein ny kost

    Har lest ein del om forskjellege kostar den siste veka, og har berre blitt meir forvirra. Somme seier at best bedger er dei beste reint praktisk, og at silvertip berre er eit luksusprodukt som ikkje presterer noko betre enn ein best badger, medan somme seier at silvertip kostar alltid vil vera dei beste kostane, uansett. Den kosten eg har no, er Omega sin svinebust (den som følgjer med startpakken her hjå Barbershop), så einkvan grevlingkost vil nok vera ein oppgradering. Eg synest at min noverande kost er litt i stivaste laget. Så har nokon nokre kostar som dei synest er vel verdt pengane? Helst ikkje meir enn 500 kroner, anten inkl eller eks. frakt. (er det snakk om 520,-, så går det bra).. Faktisk, berre gløym prisgrensa, så kan eg vurdera ettersom eg ser produkta. Til slutt vil eg berre seie at det er svært, svært synd at dette forumet ikkje vert nytta meir. Eg såg fram til eit norsk barberingsforum, og vart litt skuffa over aktiviteten her:(
  25. Ynskjer ein ny kost

    Enkelte vil nok seia at med ein relativt stor knute og med eit så stort loft, vil nok kosten vera litt floppy. På ein måte så stemmer dette, men eg synest ikkje dette er negativt. Når eg skummar opp i skål, er det fort gjort å spre håra ut i sirkel. Lett trykk i vispinga er et must med denne kosten. Tuppane gjer arbeidet særs bra. Det å bruka minst mogleg tid på skummet trur eg er ein uvane. Dersom ein bruker litt tid på det, 3-4 min total (inkl massering i andletet), så vert det mykje tettare og betre. Har prøvd kosten med Proraso-krem, og dette fungerer veldig bra. Glimrande! Fungerer også bra med glyserinbaserte såper, har prøvd med col conk amber. Får bra og tett skum her også. Store mengder. Det aller beste skummet får eg likevel med ein kombinasjon av col conk og casswell massey greenbriar i "superskum". Det vert så glatt med så lav friksjon, at eg kan dra høvelen over same området fleire gonger utan at det er skumd er. Har ikkje prøvd col conk + proraso enda. Kanskje neste gang:) Mengden skum som denne kosten held, er fantastisk. Etter å ha skumma opp i skål, kan eg sikkert ha tre strøk med høvelen utan å bruka noko av det skummet som ligg igjen i skåla. Men, ikkje heilt passande for oppskumming i andletet. Kosten er veldig mjuk og behageleg mot andletet, men kjenner at den "stikk" litt med dei rette rørslene;) Handtaket synest eg er vakker kunst! Dei kvite sjatteringane er nydelege. Eg har to "hovudgrep" når eg bruker den. Under oppskumming: pekefing, tommel og langefing inni det ytste grepet, eller "holet". Påføring av skum: "sverdgrepet". Holder den som et sverd, med ringfinger/langfinger i "holet". Rudy Vey er glimrande å gjera forretnignar med. Svært kundevenleg. Han lager custom-kostar, så eg fann eit handtaksdesign, og han lagde det i løpet av et par dagar. Eg fekk også med, inkludert i prisen, ein reisetube og ein stor tube med Casswell Massey Greenbriar (denne kremer er håplaus dersom den ikkje vert brukt i superskum. Den lukter veldig godt, men skummar særs dårleg opp åleine). Håper det svarte på litt. Ein fantastisk kost, som ikkje kosta mykje samanlikna med "merkekostar". Veldig nøgd!
×