Jump to content
Barbershop.no forum

amb

Member
  • Content count

    38
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by amb

  1. Ynskjer ein ny kost

    Så sant, så sant! Beklagar at eg ikkje kom på å lasta opp bilete. Eg dokumenterte "opningsseremonien". Det var nesten litt heilagt:) Vart ein del bilete her, men men:P Du ser prisen på pakken også ein stad. Kremt kremt, er det kryssa av som "gåve"? Kremt, ahrmmm... PS. anbefaler å zooma litt ut på bileta, dei vart ofseleg store. Ctrl + - eit par gonger gjer susen:)
  2. Tyfonikus' barbersalong

    Jau, det er vel 7 kroner per barbering
  3. Nytt medlem

    Mine erfaringar når det gjeld oppskumming og såper (i skål/hand), er at det er litt vrient å få kosten "lada" nok: nok "prematurt" såpeskum inni kosten. Ha nok vatn i kosten slik at det dannar seg littegrann skumliknande substansar i såpebehaldaren. Eg håpar du forstår kva eg meiner. Ikkje ha for mykje vatn med ein gong, det er enklare å tilsetja enn å redusera. Har du ein mjuk grevlingkost, la tuppane gjera arbeidet. Litt "pumping" med kosten er lurt, for å få litt av herlegheita inni kosten ut i skåla/handa, men ikkje for mykje. Tilsett litt meir vatn dersom det trengst, og visp godt og kraftig. Få ut alle "store" luftbobler (godt synlege). Det skal vera eit jamnt skum, med mikrobobler. Kjenn med fingrane. Kjennest det luftig ut? Kan du laga "toppar" med skummet (er det sterkt nok til å halda si eigen vekt?), er det dempande, glatt, skinnande? Dette er vanlege assosiasjonar til vellukka skum, med er vanskeleg å førestilla seg. Eg trur det er enklare å skumma opp i ei skål/hand til å byrja med, for så å prøva andletsoppskumming (lekkert ord:P). Men for all del, berre øv, ein har ikkje vondt av det. Du kan jo ta deg eit oppskummingsmaraton der du berre øver deg? PS, dette er mine erfaringar, og mine erfaringar seier at dersom du bruker ein stivare svinebust, så må du bruka litt meir kraft i vistpinga enn med ein mjukare grevlingskost, til dømes super badger eller silvertip.
  4. Nytt medlem

    Den videoen er jo heilt motsatt av det tyfonikus sa: bruke ganske hardt trykk under stroppinga, ikkje såvidt vera borti stroppa. Eg antar det er fleire meiningar angåande dette?
  5. Hjelpt til valg av ny kniv

    Eg vel å tru at du, Tyfonikus, er same personen som hadde dei fantastiske videonane om knivvedlikehald under "Tips og artiklar". Du får bare leva med nynorsken min; eg la merke til det konservative riksmålet ditt Eg må unnskulda for dårleg termologi innanfor denne vitskapen! Sjølv om eg ikkje skal kjøpa meg barberkniv endo (eg er framleis ganske ny innanfor tradisjonell høvelbruk, og har ikkje vendt meg til skarpe objekt. Under den tommelfingertesten din der du sjekka om kniven var skarp, sat eg med hjarta i halsen, hehe), prøver eg å suga til meg den informasjon om denne typen barbering. Eg har forstått det slik at somme knivar har ein eggg som er kurva, medan somme ikkje har det. Kva konsekvensar har dette for stropping og barberinga? "Tuppen" på eggen (eggen er sjølve metalldelen av kniven, sant?) har også varierande form, frå rund til skarp til flat. Har dette noko å seia anna enn utsjånad? "Syngande kniv", kva legg ein i det uttrykket? Helsing Compaq
  6. Ynskjer ein ny kost

    Berre for nyfikenleiken si skuld, kan eg jo seia at eg fekk laga ein kost av Rudy Vey: bøffelhorn handtak, 24mm knute, 60mm loft. Fungerer utmerka. Og den er fin å kvila augo på^^ Etter å ha fått litt innblikk i denne idretten, kunne eg tenkt meg ein mindre kost, 18mm kanskje, for andletsoppskumming.
  7. Dirtybird scuttle

    Er et nokon som har erfaringar med denne? Lurer på om eg skal investera i noko liknande, og las i ein omtale av tre stk (Moss, GT5 og DB) at DB og Moss kom best ut. med tanke på varmeeffektivitet og slikt.
  8. Selges: Diverse

    Eg har liksom sett meg ut ein mindre kost, 18mm, som er litt stivare og betre egna for oppskumming is andletet. Ellers så har eg jo lurt på om eg skulle kjøpa meg ein ny høvel. Eg eig ein 34C no. Hadde vore artig å prøvd ein litt meir aggressiv høvel 200,- er jo billeg. Korleis er det med frakt og slikt?
  9. Barberblad

    Eg skulle kjøpa derby extra sine blad. Her kostar dei ca 20,- for ein fempakning. Men dersom ein legg til MVA og frakt (ved bestilling frå denne sida), ver prisen 70,-... Ikkje særleg billeg for fem blad, det. Det er synd at ikkje butikkar tek inn dette, då hadde ein spart myyyykje pengar!!! kvifor ikkje ha det fraktfritt i Noreg? Eg har sett fleire nettbutikkar som tilbyr dette..
  10. Barberblad

    Eg bur på landet, med fire matvarebutikkar i området: rema, eurospar, ica og spar. har også rimi og joker innen 30 minutters kjøretid. Låner bilen to foreldre, så mine utgifter e minimale:D Er det ein spesiell grunn til at ikkje matvarebutikkar tar inn DE blad? Det er kanskje ikkje så mange som kjøper dei no lengre, men kvar er den gode gamle kundeservicen?
  11. Barberblad

    Eg bur på landet, med fire matvarebutikkar i området: rema, eurospar, ica og spar. har også rimi og joker innen 30 minutters kjøretid. Låner bilen to foreldre, så mine utgifter e minimale:D Er det ein spesiell grunn til at ikkje matvarebutikkar tar inn DE blad? Det er kanskje ikkje så mange som kjøper dei no lengre, men kvar er den gode gamle kundeservicen?
  12. Barberblad

    Slettest ikkje dumt å bestilla fleire på ein gong Koffor kom ikkje eg på da:P? Har litt lyst å prøva ei barbersåpa, og har tenkt litt på fitjar folgefonn (sidan eg bur i folgefonnkommunen, hehe). Har skjønt at den har litt samme eigenskaper som Prorasokremen. Proraso er vel først og fremst ikkje ei luktoppleving, men at heller den kjølande effekten e viktigast? Har du noken erfaring med fitjar, og eventuelle såper? Såg dei hadde "gratis" prøve på ei ny såpe. Synd da vert frakt på 80 kroner, hehe.
  13. Merkur HD 34C

    Har nettopp skaffa meg HDen eg òg, og har foretatt to barberinger med den (gåvesettet til 600,-).. Har opplevd litt raudheit i andletet, men det kan jo godt koma av andre årsaker enn sjølve høvelen. Er føreløpig nøgd med høvelen, har men har jo liten erfaring med den endo. Kjem tilbake med ein meir detaljert omtale seinare, når eg er litt meir "guru"
×