Jump to content
Barbershop.no forum

amb

Member
  • Content count

    38
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

0 Neutral

About amb

  • Rank
    Feather-Ninja
  1. Heisann. Eg berre undrast over kva for etterbarberingsvatn som førast her på Barbershop.no som er duftfrie. Altså som luktar lite/ingenting. Ein idé hadde kanskje vore ei moglegheit for å kunna sortera desse produkta etter om dei er parfymerte eller ikkje. Mange er opptekne av nettopp dette, og det kjem ikkje så godt fram av produktskildringa. -Anders
  2. Eg får feilmelding dersom eg trykkar på "les meir". Kor mange månadar? -Anders edit: fann ingen god stad å posta dette. Kva med et subforum for tilbakemeldingar / spørsmål til butikken?
  3. Restaurering av barberkost

    Eg er no vel eitt år inn i denne flotte hobbyen, og får meir og meir lyst til å restaurera ein barberkost sjølv. Eg veit egentlig ikkje kva utstyr ein treng, og lurer litt på kva det norske ordet til "epoxy" er Er det nokon som kunne tenkt seg å gje ei kort innføring for meg? Eg hadde sett veldig pris på det. Den dagen er faktisk kjem så langt, skal eg leggja ut bilete av prosessen! Helsing Anders
  4. Åja.. Det er ein Goodwill. Her er tråden som identifiserte den for meg. Ås er kjempeflott! Garantert det vakraste universitetet i Noreg, både bygningsmessig og beliggenheitsmessig!
  5. Hvilke type koster trenger jeg?

    Eg vil nok tru at ei hard såpe var vanskelegare å skumma opp med den kosten der, ja;) Personleg føretrekk eg svinebustar framfor min silvertip, då eg skummar opp i andletet.
  6. "Tryggleikshøvel", ja, hehe:) Skal det vera nynorsk, så skal det vera nynorsk Eg søkte på "superspeed", så eg antar at det er ein superspeed:) Elles lurer eg på om eg kanskje burde referert til URL-en på kvart bilete eg ikkje tok sjølv. Er ein del bilete frå internett, her. Diverre er det berre snakk om "godkjent/ikkje godkjent". Forelesaren hadde nok berre satt karakter på html-kodinga, og den er ikkje veldig avansert:P
  7. Eg har laga denne sida som skuleprosjekt (studerer sivilingeniør "Kjemi og bioteknologi" ved Universitetet for miljø- og biovitenskap) i informatikken, og er litt nøgd med den Sjekk den ut. Som sagt, det er berre ei lita innføring i konseptet, med ein liten humoristisk vri. Forelesaren e berre interessert i html-kodinga, så det eg skriv om er ikkje så viktig. haha.. Jaudå edit: her er linken, haha student.umb.no/~abrakest
  8. Artig lesestoff, dette her. Eg kunne godt tenkt meg å restaurera ein barberkniv ein gong. No starter eg studieperioden min til hausten, så det vert nok ei stund til. Eg har ein draum om å ha ein bod med eit utal verktøy; dremel, sager osb. Å restaurera knivar, kostar og liknande er noko som verkeleg appelerer til meg. Eg kjøpte meg ein gamal Gillette Goodwill (trur eg) som eg polerte og fjerna rust på. Autosol metal polish fungerte strålande! (o hildrande du for eit ordspel). Eg testa det på ein barberkniv, men autosolen tok ikkje vekk pitting, eller andre flekkar. Eg satt jo bare med ein klut då, hadde ikkje dremel. edit: var ikkje klar over at det var fleire sider her. Eg ligg litt etter. Det var meint i høve polering av kniv og bruk av dremel osb.
  9. Vedlikehald av hornhandtak på barberkost

    Ja, såg den sida. Tenkte som så at kanskje clas ohlson eller liknande bytikkar sel denne olja, men har ikkje peiling. Det det er einaste moglegheit, får eg kanskje berre gjera det. Kan no sei at olivenolja verkeleg gjorde susen. Handtaket såg litt matt ut i går før behandling, men no ser det verkeleg vakkert ut. Har ikkje kamera, så får ikkje tatt bilete. Den skin, altså! Eg lot den stå over natta, så tørka eg av "the excess" når eg stod opp. Eit vakkert syn! Det gav den nytt liv.
  10. Eg har ein barberkost med handtak i bøffelhorn. Makaren (Rudy Vey: Badger and Blade), sa at eg burde bruka Neatsfoot olje. Dette er noko eg aldri har høyrd om, og lurer på om det er nokrs butikkar i Noreg som sel det, så slipp eg kanskje fraktkostnadar. Sidan eg ikkje har neatsfoot olje, brukte eg i dag oliven olje. Handtaket såg svært blankt og bra ut i etterkant, og eg håpar dette ikkje har noko negativ effekt på hornet. Kor lenge lar eg det vera på handtaket før eg vaskar av igjen? Helsing Anders
  11. Restaurering av kniv, Dixie Blue Steel

    Åhh, eg gleder meg til eg får restaurert min fyrste barberkniv til brukeleg tilstand! Det såg ut som du gjorde eit særs godt arbeid. Du får satsa fulltid på dette
  12. Barberkniver

    Skal sei, eg vart litt overbevist om at "bayen" kanskje er staden for min fyrste barberkniv (unntaken arvgodsa). Eg har hatt mareritt om nye barberknivar til 2000,-, då eg skal byrja å studera til hausten:O Eg skal sjekka litt der, og sjå kva knivar fell for. Kva bør eg sjå etter på kniven? Ei lita sjekklite hadde vore hjelpsamt: - bølgjete egg - rust osb - dårleg / øydelagd handtak - hakk i eggen Noko meir eg bør ha med, evt noko som ikkje treng vera der? Compaq
  13. Barberkniver

    Skal sei, eg vart litt overbevist om at "bayen" kanskje er staden for min fyrste barberkniv (unntaken arvgodsa). Eg har hatt mareritt om nye barberknivar til 2000,-, då eg skal byrja å studera til hausten:O Eg skal sjekka litt der, og sjå kva knivar fell for. Kva bør eg sjå etter på kniven? Ei lita sjekklite hadde vore hjelpsamt: - bølgjete egg - rust osb - dårleg / øydelagd handtak - hakk i eggen Noko meir eg bør ha med, evt noko som ikkje treng vera der? Compaq
  14. Armani Code

    Kjøpte denne på tax-free-en for eit par dagar sidan, og denne er særs god, synest eg. Litt djup og kveldsaktig, samleis som den passar for dagen. Eit godt kjøp, trur eg, og den tar seg godt ut i "den"-et mitt:)
  15. Valg av dimmensjon på blad

    Eg har så lite erfaring med barberkniv som det er mogleg, men eg skal likevel våga meg med eit utsagn. Eg har sett på videoar på youtube, samt lese på utanlandske forum, og har forstått det slik at kor ofte ein må rensa kniven er ein direkte konsekvens av breidda på eggen. Brei egg --> held meir skum --> kan venta lengre før rensing. Dette synest eg verkar som ein konsekvens av mindre betyding, men som sagt: Eg har ingen erfaring når det kjem til bruken av barberknivar. Men det er vel ein ting å ha i tankane, likevel?
×