Jump to content
Barbershop.no forum

Speer8

Member
  • Content count

    7
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

0 Neutral

About Speer8

  • Rank
    Ny på forumet
  1. Barbersåpe stick

    Nei eg kjøpte den faktisk ein gong eg var innom Spar Kjøp i Førde. Trur ikkje du finn den i katalogen. Det er mulig eg har på litt vel mykje såpe frå sticken då eg gnir den inn, i alle fall fekk eg veldig masse godt skum. Har og ein Speick stick ,men har ikkje prøvd den enda. Begge desse inneheld tallow(talg) som ifølge einkelte skal vera bra i såpe/stick. Men er usikker på om Erasmic kan ha endra litt på sammensetning slik at den er uten dette stoffet no. Men det ser ein på innholdslista. På min Erasmic står det sodium tallowate, og på Speicken potassium tallowate.
  2. Barbersåpe stick

    Er det mange her som brukar stick i staden for vanleg såpe eller krem? Og kva slags erfaring har de? Eg har nokre dagar brukt ein Erasmic shaving stick kjøpt på Spar Kjøp, altså noko av det billegaste du får tak i. Og utruleg nok så har eg fått eit heilt superbra resultat. Eg meiner å ha lest ein plass at fordelen med stick er at du då får mest skum der du har mest bruk for det altså der skjegget er tettast. Når ein då brukar metoden med å gni sticken i ansiktet. Hovedgrunnen til at nokon brukar stick er vel ellers at den er grei å ha med på reiser. Er resultatet så bra fordi eg brukar stick eller er det Erasmic som er så bra? Når eg las anmeldelsar på B&B så får den jo forholdsvis bra resultat,men eg synes faktisk den er bedre enn det aller mest eg har prøvd av barberkremar og såper.Og eg har prøvd både dyre og billige produkt. Foresten har ein stick ein anna samansetning enn ei såpe av samme merke ? Eller går det an å bruke såpe på samme måte om ein da klarer å få eit godt tak slik at den ikkje glir ut av hånda.
  3. Dagens barbering

    Kost:Shavemac Zodiac Silvertip Barberkrem:Speick Høvel:Merkur HD med Gillette Platinum AS: Speick After Shave Lotion Første gongen eg har prøvd Speick. Vanligvis brukar eg ein Muhle Alum block etter barbering før eg har på ASB. Speick ASL innheld mellom anna potash alum så denne gongen sløyfa eg alum blocken. Følelsen etterpå vart difor ei heilt anna en vanlig. Enkel, frisk god lukt.
  4. Fitjar såper

    Har prøvd både Col. Conk Amber og Fitjar Fjellheim. Fitjar er nok etter mi meining ei bedre såpe. Sjølv dei gongene eg har vore hastig og brukt feil mengde vatn så har den gitt utruleg god glid. Col.Conk er heilt OK,men som sagt ikkje så bra som denne Fitjar såpa. Fjellheim lukta tydeleg furunål. Kanskje ikkje lukta for finare selskap, sjølv brukar eg den når eg reiser på jakt Burde kamuflere menneskeleg lukt bra Av Fitjar krem har eg prøvd Wild Thing Well Bred. Typisk maskulin god lukt, men ikkje så sterk. Veldig lett å lage skum og gir svært bra resultat. Tabac såpe har eg ikkje prøvd,men ser den får bra kritikk. Problemet mitt med Tabac er lukta, det blir nesten for mykje.
  5. Matchende lukt

    Er det nokon som har forslag til ulike barber såper og kremar som passar til AS av ulike produsentar? Eg synes faktisk TOBS Avocado passar ganske bra til T&H 1805 ASB. Dei har ein god del til felles uten å vera heilt like. Kan og tenke med at MB Orange Orange og Lucky Tiger AS passar saman. LT lukar jo ein god del appelsin.
  6. Start pakke for en nybegynner

    Hei! Eg er også ganske ny på området. Eg kjøpte eit Muhle sett med grevlingkost,skål til å lage skum og ei barbersåpe. + ein Merkur 34c , blad og ein del andre såper og barberkremar og after shave balm. Dette settet er rimeleg og kosten har fungert heilt fint. Ingen problem å vispe opp skum verken med krem eller såper. Settet kan anbefalast. Har ikkje prøvd så mange kremar og såper enno,men synes alt eg har prøvd har fungert godt. Største forskjelen for meg som er nybegynnar er lukten.
  7. Hei! Eg er ganske ny når det gjeld bruk av DE høvel og barberkost. Har tidlegare bruk Mach 3 og Nivea Barbergel , den vanlige blå typen. Dette fungerte forholdvis bra, i alle fall bedre enn anna skum på boks. Hadde lest at gel passa bedre for dei med sterk skjegvekst.Ved skumming av gel er det og mindre risk for luftlommer mot huden som ved vanlig barberskum på boks. Nivas nye kvite boks for sensitiv hud opplevde eg dårlegare og slutta raskt med den. Har no gått gått over til barberkost, barberkrem , barbersåpe og Merkur 34c. Er fortsatt inne i ein læringsperiode når det gjeld teknikken. Største problemet er å holde rett vinkel på bladet. Hadde tidlegare problemhår på halsen, men etter nokre gongers barbering så er halsen bedre no enn tidlegare. Røde prikkar nederst på sida av halsen er no eit minimalt problem. Men slit litt med barberingskviser(?) rundt munnpartiet . Det er kanskje inngrodde går for dette er eit tilbakevendande problem på samme plassane på huden. Får litt kutt/iritasjon her,men håper det går over med tid og bedre teknikk. Verste plassen å få vekk alle håra er under hakespissen, samme problemet hadde eg med Mach 3. Har lest fleire stader at DE blad skal holde lenger enn Mach 3 type blad, nokon påstår opptil 2-3 gonger lenger. Men det kan vel ikkje stemme? Mach 3 brukte eg omtrent i 1 veke uten problem. Men DE blada Gillette og Merkur held ikkje så lenge. Skjeggveksten min er nok ein del over middels uten å vera ekstrem. Har lest ein plass at ein kan få DE blada til å holde lenger om ein sliper dei på glass. Kan nokon forklare korleis ein gjer dette og om det har nokon effekt? Kan tenke meg det blir som å slipe ein vanlig kniv på slike moderne slipegreier der ein drar kniven i eit hakk. Altså ikkje som ved bruk av slipestein eller bryne. Har det noko for seg å snu barberbladet? PS! Da eg posta dette innlegget stod det at eg var medlem nr 391,mens det ein anna stad står at det er 196 registrerte medlemmer. Kvifor denne forskjellen?
×