Jump to content
Barbershop.no forum

ginger

Member
  • Content count

    5
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

0 Neutral

About ginger

  • Rank
    Ny på forumet

Contact Methods

  • Website URL
    http://bokbyen.no
  • ICQ
    0

Profile Information

  • Gender
    Male
  • Location
    Fjærland
  • Interests
    Musikk, språk og ymse anna.

Previous Fields

  • Barberkniver
    To gamle.
  • Barberkoster
    Body shop, svinebust, som eg fekk av kjeringi. Eg likar han.
  • Barberkremer
    Body shop den òg. Heilt grei.
  1. Hm. Interessant tanke. Dette hadde eg ikkje vurdert, men det ser ut som du har rett. Eg er elles i gang med å restaurere knivane så godt eg kan. Eg har tinga ein belgisk gulstein, sokalla coticule, og har frå før skaffa meg ein kinesisk poleringsstein, samt ei tysk(?) lerreim og lerreimsmøring. Eg har òg brukt litt tid på å pusse av flekkar og rust. Hovudpoenget med det eg har kjøpt inn av utstyr so langt, har vore å gjera om lag det same som eg trur oldefar min ville gjort. Han ville nok brukt det han hadde, og elles ikkje lagt ut for mykje pengar på spesialreiskap. Difor har eg brukt ein minislipar frå Biltema til å pusse av rust (ja, eg har lege unna eggen), og elles tinga det andre nemnde utstyret - enkle greier. Eg fekk elles med meg ei historie til då eg fekk knivane: Gamle Ingebjørg på grannegarden heime hjå oss kunne kunsten å skjemte. Dette brukte ho til fulle ein gong ein annan granne var oppom i garden ein tur. Ho visste at denne grannen hadde ein barberkniv han var livende redd for, og ho sa difor, berre på gap: "Eg lånte barberkniven din, du Per. Han var grepa god å spikke flis med!" Ho fekk seg ein god flir då ho såg kor grannen bleikna... Eg kjem att med meir info når eg har byrja å bryne.
  2. Takk for tipset. Eg ser at dei tilbyr nokolunde det same på The invisible edge, http://www.razorsharpening.co.uk, og at knivmaker.net har figurert på dette forumet når det gjeld restaurering. Hjå Invisible edge var det ikkje so himla dyrt heller. Men eg har framleis mest lyst til å prøve sjølv, so takk for tipset til metallmiddel - det var ein retteleg snasen kniv du hadde fått deg der, Otto!
  3. Nei, det var ingen dum tanke. Eg greier i alle fall ikkje å koma på nokon betre
  4. Ja, eg har skjønt at eg nok må bortpå med eit bryne her... Og eg lovar å vera forsiktig, eg har ikkje tenkt å øydeleggje knivane. Då får dei heller vera pyntegjenstandar. Målet er uansett å få minst ein i sopass kvass stand at han kan brukast til å raka seg med. Eventuelt får eg berre kjøpe meg ein kniv til... Eg får byrje med det kosmetiske, trur eg: Er det nokon som har eit tips til å få bort resten av flekkane på bladet? Noko kjemisk, kanskje? Og eg lurer framleis på kva på kloden den klumpen på Backhaus-kniven er der for. Takk for venlege svar so langt!
  5. Hei godtfolk, Eg er heilt ny her, og eg har ei liti historie som kanskje kan interessere nokon av dykk. Det har seg slik at foreldri mine fann att nokre gamle barberknivar då dei rydda utor gamlehuset for ei stund sidan. Det var fire knivar, far min fekk to, og eg dei to andre. Dei var sjølvsagt ikkje brukte på fleire tiår, og bar preg av å ha lege i ein sigarboks i lang, lang tid - med andre ord: flekkute og rusta. Eg vart nyfiken, og har sidan byrja lesa meg opp på barbering med kniv. Det seier seg sjølv at knivane eg fekk, ikkje akkurat er skarpe, so eg har ikkje vore so dum at eg har prøvd å raka meg med dei enno. Men eg har fått bort ein del rust og flekker med - hald dykk fast - stålull. Ja då, eg passa godt på å ikkje vera borti eggen. Bilete av knivane skal de få her. Fyrst den kniven eg veit har vore oldefar sin: Som de ser, har han innskrifti "Ächt Englischer Silberstahl", sjølv om siste delen av siste ordet har forsvunne under ein slags merkeleg påsmidd klump nær hælen av bladet. Eg lurer ein del på kva denne "klumpen" kan vera godt for? Det står òg "3 Jahre Garantie", sjølv om eg fryktar garantien har gått ut no. Produsent er i alle fall F. W. Backhaus, Ohligs i Solingen. Eg veit at Backhaus produserte knivar av ulike slag i tidi rundt fyrste verdskrigen. Her er andre sida av kniven: Som de ser, går "klumpen" rundt på båe sider av bladet. Kva kan dette vera? Sjølve kniven er den einaste av dei to som kjennest nesten kvass ut. Eg greier å laga eit lite merke i tommelen med berre litt trykk. Men, mellom anna grunna klumpen, er ikkje kniven heilt jamn. Legg merke til storken på fabrikkmerket. So til den andre kniven. Denne ser ut til å vera eldre, og har anna form på tåi: Eg greier ikkje heilt å tyde innskrifti, men trur det står "Fangs bite razor" i midten. Det står i alle fall "Hollow ground" rundt. Årstalet inni fabrikkmerket, ei pil inni ein trekant, er 1857. Denne er ikkje noko kvass i det heile, og har små hakk nær hælen. Her er baksida: Det får vera alt for denne gongen. Om nokon kan seia meg noko som helst om desse knivane, blir eg glad. Det er eit artig stykke soge or litt eldre tid, synest eg. Og sjølvsagt: Eg hadde tenkt å få desse i brukbar stand ein gong, og eg vonar de tilgjev at eg helst vil gjera det sjølv, og gjerne utan å bruke ein haug pengar. Eg er ein slik fyr som gjerne vil lære seg nye praktiske kunnskapar, sjølv om det tyder at eg må masa hol i hovudet på snille forum-medlemmer... Det vore fint å kunna bruke gamlekniven til oldefar! Beste helsing Ginger
×